Kven i Volda kommune synast du fortener desse prisane i 2026?
Årets Publikumspris: Ei privat eller offentleg verksemd som gjer noko ekstra for kundane eller brukarane sine. Dei 6 med flest stemmer går vidare til avstemming i avisa Møre.
Årets Tilsett: Ein person som gjer ein ekstra innsats på jobben, både for kundar/brukarar, men like godt for fellesskapet på arbeidsplassen og for eigen arbeidsgjevar.
Du kan nominere i ein eller begge kategoriane. Vinnarane blir kåra på Heiderskvelden for næringslivet, laurdag 24. oktober.
Frist: måndag 12. oktober kl. 22.00
Fyll inn også e-post og telefon for å vere med i trekninga av eit Voldakort på 500 kr. Kven du nominerer, blir halde konfidensielt.